Aibel-vind i Haugesund

09.01.12

Aibel har snart 2000 tilsette i Haugesund. Fredag tok selskapet i bruk nytt kontorbygg med rom for 300 ingeniørar. 100 av desse skal jobba med vindkraft.


 To høgder i det fem etasjars høge nybygget er sett av til prosjektorganisasjonen som arbeider med det store vindkraftanlegget, Dolwin 2, til havområdet utanfor Helgoland i Tyskland.

- Etter kvart vil denne staben aukast til 150, seier sjef for Aibels ingeniøravdeling i Haugesund Tove Lise Storrø.

Aibels toppsjef i Haugesund, Bjørn Tollefsen, seier at Aibel jaktar på fleire slike vindkraftoppdrag. - Me reknar med å ha gode sjansar til å vinna kontrakten også for Dolwin 3, seier Tollefsen.



Back
 
 


 
INTPOW Norwegian Renewable Energy Partners | Design: kingdesign.no | Powered by epiPublisher